Fitjar musikklag deltok i underhaldningskonkurransen Siddis Brass i Stavanger i helga.

Siddis brass er ein underhaldningskonkurranse for norske brass band, og finn stad i Bjergsted musikksenter i Stavanger. Korpsa er delt inn i tre ulike kataegoriar: Elite divisjon, 1., 2., og 3. divisjon. Kvart korps framfører eit underhaldningsprogram på 20-25 minutt, etter fritt val. Fitjar musikklag med sin dirigent Per Olav Paulsen deltok i 3. divisjon, og kom der på 16. plass med 91 poeng. I domarkommentaren var det lite negativ kritikk, men det kom fram at ein kunne valgt eit litt vanskelegare program og større spreiing i dynamikken. Solistnummeret «One day» med Øyvind Skåla på kornett fekk mykje skryt.

Kitty Træet i musikklaget fortel at det oppstod litt småfeil i framføringa av programmet. Programmet bestod av veldig godt innarbeida ting som likevel skar seg. Kanskje musikkantane vart for mykje prega av alvoret. At dei får antyding om at dei bør satsa på eit vanskelegare program er noko dei vil gjera noko med. Eit vanskelegare program er ei større utfordring, men er og med på å heva nivået til musikklaget litt til. «Det finst alltid noko å jobba med»,  seier leiaren i styret for musikklaget Kitty Træet, etter ei fantastisk helg i Stavagner 

Du kan lesa meir om Siddis Brass her.