I fire tiår har Fitjar Musikkforeining vore til. Og i like mange år har Lars K. Vik vore leiar. Tysdag jubilerte dei.

Det heile starta i 1965. Lars K. Vik hadde blitt kristen, og vart spurd av Nils Vestbøstad og Rasmus Fitjar om han ikkje kunne starta opp ei musikkgruppe på bedehuset. Han kunne det, og før dei offisielt var starta, song dei på julefesten i gamle Fitjar bedehus i 1965.

Våren 1966 blei det meir fart i sakene, og Fitjar musikkforening vel difor å rekna starten frå 1966.

Etterkvart har Fitjar Musikkforening óg blitt stamma i Sunnhordlandsmusikken, ei fellesmusikkforeining der musikklag fra Sveio og Langevåg i sør til Fitjar i nord, er med. Fellesmusikken har sunge på ei rekkje større stemne, og utanfor Sunnhordland.

Tysdag feira Fitjar musikkforeining med smørbrød og kake. Utanom Lars K. Vik har òg Nils Vestbøstad og Bertine Sætre vore frå starten. Sistnemnde har faktisk skrive referat frå det som har skjedd i alle år, og ho kan mellom anna fortelje at dei eit år opptrådte heile 28 gongar. Elles fortel Bertine og Nils om svært godt samhald, både sosialt og åndeleg. –Og så har vi det utruleg kjekt og humørfylt, både under øvingane, og når me er på reis, får me vita.

Musikkforeininga har elles ikkje forandra seg særleg mykje på dei 40 åra. Tekstane har heile tida vore berarar av bodskapen om synd og nåde, kross og himmel – til akkompagnement av gitar, bass, trekkspill, mandolin og piano.