Neste laurdag møter Fitjar IL for første gong Manchester United til dyst på fotballbanen.

Det er ein gledesstrålande Ole Bergesen i Fitjar IL som melder dette til Fitjarposten. Kampen går av stabelen i Lærdal laurdag 25. januar kl. 14.30. Det er rett nok ikkje A-lagsfotball det er snakk om, men klassen superveteran i årets VeteranCup.

Fitjar stiller med tre lag i den populære veterancupen neste helg, 24 – 25. januar. I klassen veteran herrar, over 40 år, skal Fitjar møta Sogndal, Dale, Fjøra og Vossaalliansen. Fleire av desse laga er råd å koma på talefot med. Men Kjell Træet og Trond Henriksen vil sikkert få det tøft mot spelarar som Håvard Flo, Terje Skjeldestad og Asle Hillestad frå Sogndal.

Damene med Anne Helene Vestbøstad og Britt Lise O. Volden i brodden stiller i klassen oldgirls, damer over 32 år. Dei kom på ein flott 3.-plass i fjor, og siktar endå høgare i år, etter det me forstår på Ole Bergesen. Dei møter Nymark, Arna Bjørnar og Øystese i innleiinga. Her må nok Arna Bjørnar vera favoritt, men Fitjar-damene har overraska før.

Superveteranlaget i klassen over 50 år har ikkje nokon sportsleg suksess å sjå tilbake på i VeteranCup i Lærdal, men hadde ei sterk turenering i fjor, seier Ole Bergesen. I år stiller Fitjar med Ole Bergesen, Endre Bergesen, Ronald Hareide, Ketil Fykse, Bjarne Romfog og Arve Havnerås i denne klassen. Dei skal møta Aurland, Vålerenga og Rubb i innleiinga.    – Men det «feitaste» møtet blir sjølvsagt med Manchester United, seier ein opprømt Ole Bergesen, som gler seg over måte.

Kven som stiller for United er ikkje heilt klart, men i følgje nettsida til VeteranCup 2014, stiller både Brian McClair, Neil Webb, Clayton Blackmore og Lee Martin. I følgje Ole Bergesen slo meldinga truleg ned som ei bombe i Old Trafford-miljøet då dei såg at sjølvaste Fitjar var motstander. Me vil tru at Ole tar munnen litt for full, men ønskjer lukke til i det historiske møtet med den mest kjende fotballklubben i verda, laurdag 25. januar kl. 14.30.