Hordaland Fotballkrets har sett opp puljane for neste år, med noko kvassare motstand for nyopprykte Fitjar.

Etter at Fitjar rykte opp ein divisjon i haust, må dei rekna med tøffare motstand i neste års 4. divisjon. Blant motstandarane blir Austevoll, som for to år sidan spela i 2. divisjon. Sidan har det blitt nedrykk to gonger for naboane våre nordom fjorden. Kor mange frå årets spelarstall som går laus på ein ny sesong for AIK, er ikkje kjent. Likevel kan me rekna med at dei blir blant dei tøffaste å møta, slik Huftar var då dei kom med i seriesystemet for vel 40 år sidan.

Møtet med austevollingane blir ei kjærkomen erstatning for lokaloppgjera mot Solid, Trott og Halsnøy, som alle blir igjen ein divisjon under Fitjar. Eit anna populært lokaloppgjer blir sjølvsagt møtet med Bremnes. Det er ein klubb Fitjar alltid har hatt eit godt forhold til, etter mange tøffe nappetak.

Fitjar-trenar Kjell Træet har ikkje fått sett så nøye på oppsettet enno, men han har merka seg at Fitjar ikkje skal møta dei to laga som slo Fitjar i kampen om seriemeisterskapen i haust, Gneist og Norheimsund. Han reknar med at det ikkje spelar så stor rolle kven me møter. – Det er mange gode lag i 4. divisjon, seier Kjell. Han ser ekstra fram til å møta naboane Trio, Bremnes og Austevoll. – Det blir sjølvsagt ei utforing å møta AIK. Austevollingane var alltid nokre hardhausar i hine hårde dagar, men i dag er dette eit spelande lag med gode spelarar, seier Kjell Træet.

Fitjar-trenaren peikar ikkje ut kandidatar til opprykk og nedrykk. Men det gjer lokalfotballeksperten Per Kolstad i BA. Han nemner ikkje Fitjar blant nedrykkskandidatane, og reknar med at Austevoll vil kjempa i toppen om dei får behalda dei fleste spelarane sine. Fitjarposten er heilt einig i det BA skriv om puljen til Fitjar i artikkelen Favoritter og nedrykkskandidater.

Her er lista over laga som er ventande til Fitjar-graset komande sesong:

Austevoll (ned)
Bergen Nord
Bremnes
Djerv
Fana 2
Follese
Hovding
Sandviken
Trio
Baune (opp)
Fyllingsdalen 3 (opp)