A-laget til Fitjar banka Moster 6-1 på heimebane fredag kveld.

Den store spelaren i kampen var Thomas V. Waage, som scora heile fire mål før han gav seg. Dei to første kom i første omgang, og Fitjar kunne gå til pause med 2-0.

I andre omgang la Thomas på til 3-0, slik at han fekk notert eit ekte hat trick, før Jan Åge Tislevoll slapp til med to mål. Thomas avslutta kampen med å leggja på til 6-1 i det siste minuttet av kampen. Dermed viste Fitjar ein ny flott kamp i vinterserien, som Kjell Træet ser på som effektiv trening for laget hans.

Lagoppstillinga til Fitjar (4-2-3-1): Aleksander Henriksen, Tobias Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, Emil Fitjar, Andre «Mini» Helland, Helge Træet, Lars Fitjar Waage, Øyvind Fykse Lie, Jan Åge Tislevoll, Thomas Vestbøstad Waage, Geir Steffen Tranøy. Reserve: Jonas Tislevoll (30 min.).