Fitjar Misjonskvinnelag er ei av dei eldste misjonsforeningane innan Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Starten i 1890 kom faktisk i forkant av skipinga av det som den gong heitte Kinamisjonen.

 Eli Vestbøstad fortalde om foreningsdrifta gjennom 120 år, då jubileet vart feira på Fitjar bedehus. Den gongen samlast kvinnene  til andakt og song på føremiddagen, og fekk til dømes sildasodd til mat før dei tok på heimveg med kardar og ull under armen. Det er ikkje vanskeleg å forstå at forandringa har vore enorm sidan starten. Kanskje ein kan kome tilbake til dette ved eit seinare høve.

Mykje folk hadde møtt fram på bedehuset. Mange av dei var tilreisande. Nordhordlandsmusikken, mellom 50 og 60 personar, gledde festlyden med mektig og flott song. Ein av songane deira er skriven av ein fitjarbu, Lars K. Vik.

Misjonær Magne Vatland forkynte Guds ord og det var kollekt til NLM.

Songen Vi vil gå vidare med Jesus, fleire må bli kjent med han, viser kva ønskje foreninga har for framtida.