A-laget kjempa seg til ein fortent siger over Minde i 5.-divisjonsoppgjeret på kunstgraset søndag ettermiddag.

For første gong i år måtte ein obligatorisk kamp flyttast frå grasbanen Fitjar Idrettspark ned til kunstgraset. Det skrekkelege regnvêret gjorde det uråd å spela på graset. Men vêret la tydelegvis ikkje nokon dempar på kampviljen til det unge A-laget. Heller ikkje ei tidleg utvisning klarte å knekka vinnarviljen.

Scoringar av Øystein Waage, Gjert Ståle Olsen og Leif Tore Aarland (2) gav ein fullt fortent 4-2- siger og 3 viktige poeng mot eit av botnlaga. Dermed har Fitjar fått eit visst pusterom i botnen av 5.-divisjonstabellen.

Når det gjeld grasbanen, er det tvilsamt om den blir mykje brukt den komande veka; vêrmeldingane er ikkje altfor lovande.