Med desse orda opna Inge Halstensen 17. mai-talen sin i Fitjar, ein tale som var eit høgdepunkt under årets feiring.

Markeringa av dagen starta som vanleg med flaggheising framfor Rådhuset kl. 8. Barnetoget samla også i år bra med folk, trass i det våte vêret. Etter familiegudstenesta i kyrkja la ordførar Wenche Tislevoll ned krans ved minnestøtta over fitjarbuane som fall i 2. verdskrigen.
 
På grunn av det dårlege veret blei det tradisjonelle arrangementet i Håkonarparken flytta inn i kyrkja. Her fekk me høyra ein humoristisk og tankevekkjande prolog ved 6.-klassingane Jacob Mehammer og Svein Arne Raunholm. Sjølv kalla dei innslaget sitt for ein tale, og med god grunn. Publikum visste å setja pris på dei artige formuleringane deira og fin opplesing av dikt skrive av Lidvald Stubhaug. Meir lått og løye blei det då Henning Wichmann framførte den kjende 17. mai-prolgen av Vikagutane. Ein sikker vinnar!

Fitjarbuen har etter kvart blitt utskjemd med 17. mai-talarar som er vel verd å lytta til. Dagens talar, «den evige fitjarbu» Inge Halstensen frå Bekkjarvik, var i så måte ikkje noko unnatak. Me som hadde høyrt han før, hadde store forventningar, og han skuffa ikkje denne gongen heller.

Halstensen er oppvaksen som fitjarbu nordom fjorden og «tvangsoverført» til Austevoll kommune i 1964. Han har på ingen måte gløymt sitt opphav, og talen hans var gjennomsyra av kjærleik til Fitjar-bygda. Dei fargerike og tankevekkjande formuleringane med humor og det djupaste alvor gjorde eit sterkt inntrykk. Læraren Inge Halstensen gav oss – elevane sine – ein historietime me seint vil gløyma. Han opna med å uttrykkja stor glede over å kunna feira 17. mai i sitt «barndoms paradis» for første gong sidan 1964. Det var året han blei «utvist» frå Fitjar av Schei-komiteen, og det blei lagt «eit minefelt i Selbjørnsfjorden».

Halstensen minte oss om den sentrale plassen Fitjar har i Noregs-soga. Det var her Harald Hårfagre hadde ein av kongsgardane sine. «Han som kunne sitja som konge kvar han ville, han valde seg Fitjar og Avaldsnes». Det var her Håkon den Gode fekk banesåret sitt i slag med Eirikssønene. Og her fekk me eit av dei flottaste poetiske verka i norsk litteraturhistorie, Håkonarmål blei formulert av hoffskalden Øyvind Finnsson, ein mann som ikkje kunne skriva! Like fullt er dette eit historisk dokument om samfunnet i Noreg for 1000 år sidan, då Fitjar var eit norsk kultursentrum, ifølgje Halstensen. Han let oss få høyra siste verset på gamalnorsk, slik det lydde den gongen for vel 1000 år sidan. Me fekk ei levande skildring av norsk historie gjennom vikingtida, Noregsveldet sitt fall på 1300-talet og dansketida fram til 1814, «då ingen ville ha oss», ein aude bergknaus ute mot havet. Og frå den uslaste fattigdom i 1930-åra fram til i dag, når me ligg «midt i den rikaste delen av verdas rikaste land».

Sentralt i historieframstillinga til Halstensen var dei kristne og humanistiske ideala som har ført oss fram dit me er i dag: Gudsfrykt, kreativitet, arbeidssomhet og nøysemd. Han såg ein klar samanheng mellom desse lutherske og kalvinske ideala og den kapitalismen som har bygt opp samfunnet vårt. Den fargerike og tankevekkjande talen blei avslutta med ein hyllest til sjølve inkarnasjonen av desse ideala, Peder Nilsen Aga, småkårsmannen som var ordførar i Fitjar i 12 år, frå 1956 til 1967. Hyllesten er skriven av Lidvald Stubhaug, og sluttar slik: «I Fitjarsoga har du hogge inn ditt namn. Slik her du stilt steig fram, du seig i hav. Med takk står Fitjar-folket ved di grav».

Etter arrangementet i kyrkja heldt 17. mai-feringa fram i krinsane, slik tradisjonen er. Fitjarposten tok turen til Sælevik skule. Der møtte det opp over hundre fastbuande og andre til song og diktlesing ved elevar frå skulen, open kafé og konkurransar og leikar for små og store. Leiar i 17. mai-komiteen, Gunn Kari Auestad, seier seg godt fornøgd med arrangementet, og ønskjer å takka dei som gav flotte premiar. Feiringa blei avslutta med film for dei små og bingo for dei store i skulestova.