Det er ved desse brakkene på Årskog industriområde at kommunen pålegg Fitjar Mekaniske å ha vakthald. Foto: Kjetil Rydland

Kommunen har difor fatta eit nytt vedtak etter smittevernlova, som gjer at Fitjar Mekaniske ikkje har noko val om å følgje vedtaket.

Denne veka skreiv Stord24 om at Fitjar Mekaniske tek inn rundt 100 nye polske arbeidarar midt under koronakrisa, og at dette har ført til bekymring rundt smittefare hos Fitjar kommune.

Fitjar kommune vedtok difor for nokre dagar sidan krav om eksternt reinhald og vakthald på brakkeriggen der arbeidarane til oppheld seg, for å passe på at dei held seg til karantenereglane etter ankomst til Norge.

Vil ikkje etterkome krava

Fredag opplyser kommunen at Fitjar Mekaniske har klaga på kravet om eksternt reinhald og vakthald, og at denne klagen vil bli handsaka på normalt vis.

Verksemda skriv at dei ikkje ville etterkome kommunen sitt vedtak om eksternt reinhald og eksternt vakthald, men ville bruke interne tilsette og ogsa ha eit anna system på vakthaldet enn det som står i vedtaket.

Dette avviser Fitjar kommune.

– Fitjar kommune meiner at det ikkje er tilstrekkeleg at funksjonane med reinhald og vakt er bemanna av interne medarbeidarar i Fitjar Mekaniske Verksted, skriv rådmann Olaug Haugen og engasjert smittevernelege Odd Kvamme.

Har fatta nytt vedtak

Kommunen held fast på viktigheita av kravet, og har vedteke å ta i bruk smittevernlova sin § 4-1 tredje ledd, der det vert opna for at kommunen kan setje i verk vedtaket på den ansvarlege (som vedtaket rettar seg mot) si rekning.

– Dette inneber at kommunen engasjerer vaktselskap og reinhaldsaktør som kan gå inn og ivareta krava i vedtaket frå laurdag 28. mars og inntil vidare, skriv kommunen.

– Som ein seriøs mottakar av utanlandsk arbeidskraft i denne situasjonen forventar vi at Fitjar Mekaniske verkstad AS tek situasjonen på alvor og etterkjem vedtak gjort av
smittevernomsyn.

Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med verftsdirektør Hugo Strand for ein kommentar.