Heimli skipsdesign og Fitjar Mekaniske Verksted AS har kjøpt kontorbygget til Wärtsilä Ship Design i Fitjar. 

Verksemda flytta frå lokala frå Fitjar for to år sidan og samlokaliserte med Wärtsilä på Heiane.

– Me har vore i dialog med kjøparane heilt sidan me flytta ut. Me har diskutert fram og tilbake, og sånne ting tek gjerne litt tid. Det er jo ikkje verdas lettaste sak å selje eit slikt bygg på Fitjar. Kjøparane står jo ikkje i kø, seier dagleg leiar i Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen til Stord24.

Men no er dei altså kom til semje om å selje bygget til Fitjar Mekaniske Verkstad og designselskapet Heimli AS. Det var Sunnhordland som først melde om saka.

– Heilt supert for Fitjar-bygda

Prisen vil dei ikkje ut med.

– Me vil ikkje kommentere salssummen i media, seier Wilhelmsen.

Wilhelmsen er spesielt glad for at det blir aktivitet i bygget igjen.

– Me er nøgde og dei er nøgde. For det vil nok ikkje vere aktuelt for Wärtsilä å flytte tilbake til Fitjar. Då er det jo veldig dumt dersom bygget står tomt. For Fitjar-bygda og for aktørane som har kjøpt det er jo dette heilt supert.

- Annonse -

Andre byggetrinn av næringsbygget vart sluttført i 2007, då det vart bygd på ein etasje og lagt til eit møtesenter på toppen.

Vil samle kompetansen

3. januar vart selskapet HVFM Design AS stifta. Selskapet har ein eigenkapital på 9 millionar kroner.

Hrafn Thorsteinsson i Fitjar Mekaniske stadfestar at det er dette selskapet som har kjøpt det 3400 kvadratmeter store bygget.

– Dette er ikkje eit nytt designselskap slik namnet tilseier, men eit eigedomsselskap. Me har tenkt å samle vår kompetanse og Heimli sin kompetanse, slik at det blir meir samspel mellom oss to.

Kor mange arbeidsplassar dei vil ha i bygget er ikkje klart, men aktørane er interessert i å fylle bygget med eksterne aktørar.

– Me har ikkje brukt for alt. Det er litt usikkert kor mange me vil flytte opp her og kor mange me vil ha nede på anlegget. Me må ha ein praktisk tilnærming til dette. Me kan ikkje flytte folk som treng å vere nærme produksjonen, seier Thorsteinsson.

– Det er ønskjeleg å få til ein næringshage i Fitjar. Det er uansett veldig bra for bygget at bygget ikkje lenger vil stå tomt.