Verftdirektør ved Fitjar Mekaniske Veksted AS kan no stadfeste at FMV har signert ein nybyggingskontrakt med Kystverket Rederi. Det betyr mykje for Fitjar.

Strand fortel at kontrakten er på bygging av 1 fartøy, til ein pris 130 millionar kroner, og overleveringa skal skje 28. februar 2012.

– Dette er den første nybyggingskontrakten FMV signerer sidan 2006, og FMV har ved utgangen av 2010 ein ordrereserve på rundt 200 millionar kroner. Ein sum som er fordelt på eitt nybygg, ei ombygging til DOF, og forflåtar til Lerøy, fortel Hugo Strand vidare.

Han fortel elles at desember har vore ein svært god månad for FMV, og at verftet no har lagt eit solid grunnlag for vidare framgang.

– Det er god grunn for FMV-tilsette å ønskje det nye året velkommen. No blir det opp til oss å vise at vi er «dyktige folk med arbeidslyst og kapasitet!», sluttar verftsdirektøren ved FMV.

Ordførar Harald Rydland kommenterer til sunnhordland.no at fitjarfolket med dette har fått ei skikkeleg nyttårsgåve.

– Det har vore litt stille der borte det siste året, så at det endeleg er arbeid er veldig flott. Spesielt at det er arbeid for den faste staben. Denne kontrakten må vera ei fjør i hatten for verftet, heiter det. Les meir her.