Saman med sju andre vindmølleprosjekt, jaktar vindmølleprosjektet i Fitjar på ein milliard kroner. – Pengane vil bli delt ut til dei prosjekta som Enova vurderer som dei beste. I løpet av året avgjer Enova kven som får denne prosjektstønaden. Samla kan dei sju vindmølleparkane produsere 767 megawatt straum fordelt på 289 turbinar, dersom alle blir realiserte, skriv nrk.no

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) er godt nøgd med at prosjekta er geografisk spreidde langs kysten.

Desse søkte om stønad innan fristen:

* Kvitfjell i Tromsø kommune i Troms, 80 møller, 200 MW.
* Høg-Jæren i Time og Hå kommuner i Rogaland, 32 møller, 73 MW.
* Ytre Vikna i Vikna kommune i Nord-Trøndelag, 99 møller, 249 MW.
* Mehuken i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane, 8 møller, 16 MW.
* Nygårdsfjellet trinn 2 i Narvik kommune i Nordland, 11 møller, 40 MW.
* Midtfjellet i Fitjar kommune i Hordaland, 46 møller, 150 MW.
* Tysvær i Tysvær kommune i Rogaland, 13 møller, 39 MW.

Les meir her på nrkhordaland.no.