Utan ei einaste krone i statleg støtte har Fitjar Kraftlag no bygt ut fiberbreiband til alle husstandane i Fitjar. Medan andre bygder byggjer ut gamaldags ADSL-breiband med statleg pengestøtte, har Fitjar Kraftlag bygt ut fiber til alle husstandane i Fitjar utan ei krone i statleg støtte.
– Viss nokon skulle byggja ut moderne kommunikasjon, så såg me at neppe nokon andre enn me ville gjera det, seier elverksjef Ole Vidar Lunde til Bladet Sunnhordland.

Gratis å ringa fasttelefon
I dag har kraftlaget 325 kundar, som utgjer 30 prosent av marknaden i Fitjar, men Ole Vidar Lunde har tru på at endå fleire kundar neste år. Frå nyttår kan han lokka med at det skal bli gratis å ringa alle fasttelefonar i Norden med ip-telefoni frå kraflaget.