Ordførar Wenche Tislevoll skriv under på møtereferatet, t.h. leiar i interimsstyret, Ingrid Hovstad. Foto: Kjetil Rydland.

Til saman ni personar møtte opp for å skipa Fitjar mållag på Seniorsenteret måndag kveld, og alle var samde om at språk er viktig for identiteten vår, og at nynorsk er språket vårt.

Fitjarbuen gjekk altså ikkje mann av huse for å støtta nynorsken i kveld. Men ordførar Wenche Tislevoll stilte i spissen for dei «frivillige» på skipingsmøtet. Elles møtte initiativtakar Karvel Strømme og eit par andre ihuga målfolk frå Fitjar.

Blant desse var Ingrid Hovstad, som er styremedlem i Hordaland Mållag. Ho hadde med seg leiaren i fylkeslaget, Bjørg Eli Eide, og Live Havro Bjørnstad ved Hordalands-kontoret. Vidare var organisasjons- og kommunikasjonskonsulent Hege Lothe i Noregs Mållag med.

Ho gjorde greie for ei del viktig språkpolitiske spørsmål i tida, og gav gode råd for korleis me kan driva eit levande mållag i Fitjar. Ho hadde merka seg at praktisk talt alle elevane i Fitjar skriv nynorsk til dei er ferdige på ungdomsskulen. Men på spørsmålet om Fitjar kommune har ein språkbruksplan, blei ordføraren svar skuldig.

Både ordførar Wenche Tislevoll og initiativtakar Karvel Strømme hadde nok venta seg litt større oppslutnad om skipingsmøtet, i ein så typisk nynorskkommune som me er. Men arbeidet fram mot skiping av eit nytt Fitjar Mållag held fram med uforminska styrke.

Ingrid Hovstad blei vald til leiar i insterimsstyret. Ho får med seg Ragnhild Prestbø og initiativtakar Karvel Strømme. No går dei i gang med formalitetar som bankkonto og registrering i Brønnøysundregistra. Og ikkje minst med rekruttering av medlemmer til det nye laget. Vonleg er ikkje frammøtet på kveldens stiftingsmøte representativt for nynorskinteressa i bygda.

I alt er det elleve medlemmer i Noregs Mållag som er busette i Fitjar. Alle desse vil få brev frå Noregs Mållag om at dei blir overførte til det nye mållaget i Fitjar, om ikkje dei ønskjer noko anna.

Ingrid Hovstad reknar med at dei etter kvart vil rekruttera så mykje folk at det vil bli bra oppmøte når det første ordinære årsmøtet går av stabelen, i februar eller mars neste år.

Glade målfolk på skipingsmøte for Fitjar Mållag; f.v. Hege Lothe, Bjørg Eli Eide, Ingrid Hovstad og Live Havro Bjørnstad. Foto: Kjetil Rydland.