Øvrebygda skule. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik

Debatt: Fitjar Senterparti vil arbeida for å få 7. klassane tilbake til grendaskulane.

Av: Karen Elisabet Rydland Sæbø, ordførarkandidat Fitjar Senterparti 

Anja Montsko Austlid, 5. Kandidat Fitjar Senterparti

Fitjar Senterparti ynskjer at Fitjar kommune skal vera ein god kommune å bu i, både i sentrum og ute i krinsane. Me ynskjer å ta heile Fitjar i bruk, og for å oppnå dette er det viktig med gode tenester nær folk. Derfor går Fitjar Senterparti til val på å halda på alle tre skulane i kommunen, med SFO-tilbod. Me vil også arbeida for å få 7. klassane tilbake til grendaskulane.

Senterpartiet ynskjer at alle born skal ha ein god og trygg barndom fylt med leik, læring og omsorg. Me er derfor svært opptekne av at alle barneskuleelevane i kommunen skal ha ein nærskule med eit godt undervisningstilbod og med tilstrekkelege ressursar i form av lærarar og andre tilsette.

Vedtaket om å flytte 7. klasse ved Øvrebygda og Selevik skule til Rimbareid vil ramme grendeskulane hardt. For det første er dei eldste elevane ein ressurs for skulen i seg sjølve, for det andre medfører flyttinga at talet på tilsette vert redusert. Dette vil skapa store utfordringar i kvardagen for både elevar og tilsette ved skulane.

Senterpartiet har alltid lagt vekt på at førebygging er betre enn reparasjon. Kvalitet og trivsel i skulen er avgjerande for god helse og utvikling hos born og unge. Det er derfor svært viktig å sørge for at alle skulane i kommunen vert tilført dei ressursane som krevst for å sikre eit godt og solid undervisningstilbod. Me meiner at dette skal vera mogleg å få til gjennom effektiv drift og heilskapleg økonomisk styring av kommunen sine midlar.

Grendeskulane er også viktige for folkehelsa i kommunen. Elevar som kan sykla eller gå til og frå skulen oppnår helsegevinst gjennom fysisk aktivitet. I tillegg er det å kunna koma seg til og frå skulen på eiga hand svært positivt for utvikling av sjølvstende og sjølvkjensle.

- Annonse -

Me ser at fleire og fleire flytter til Fitjar, og me ynskjer derfor sterkt fokus på å gjera kommunen vår til ein attraktiv stad å busetta seg. Også på dette området er grendaskulane med tilhøyrande SFO-tilbod sentrale element. For småbornsfamiliar har tilgang på nærskule og SFO mykje å seia for val av etableringsstad.

Ein fornuftig og god skulestruktur er avgjerande for framtida til Fitjar.