Soknerådet hadde kalla inn til  årsmøte i Fitjar kyrkje i dag, rett etter gudstensta.

Først var ein som vanleg samla til gudsteneste denne søndag føremiddag. Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu leia familiegudstenesta. Det var dåp og nattverd under gudstenesta, Fitjar ten sing deltok med flott song og det var godt med folk i kyrkja.

Etter ein kort kyrkjekaffi tok årsmøtet til. Då var det blitt meir glissent i benkane, men rundt 40 stykker fekk med seg eit positivt årsmøte med mange og gode innspel. Det vart lagt fram årsmeldingar frå soknerådet, soknepresten, kyrkjelydspresten, diakoninemda, barnehagen, frivillignemda, babysong og småbarnstreff og fellesrådet. Desse årsmeldingane er tillgjengelege i kyrkja, på kundetorget, kyrkjekontoret og biblioteket, for dei som ynskjer å lesa dei. Årsmeldingane vart kort presentert på årsmøtet og det vart opna for spørsmål og innspel.

Både soknerådsleiar Anne Britt Tornes, sokneprest Olav J. Oma og leiar i frivillignemda Arvid Refvik ynskte å takka alla medarbeidarane i kyrkja, både dei løna og alle dei flinke uløna arbeidarane. Det skjer mykje i kyrkjelyden vår, mykje godt arbeid og mange gode arbeidarar står bak alt dette arbeidet. Ein har likevel utfordringar, utfordringar i det å stadig nå ut til fleire, og i det å få til eit kontinuerleg arbeid for folk i alle aldrar. Økonomi er og stadig ei utfordring, og den vert kanskje endå større i året som kjem. 

Det kom ein del svært gode innspel som soknerådet og dei andre lova å ta med seg vidare. Ellers vanka det skryt både til soknerådet, barnehagen, kyrkjelydsbladet og heile kyrkjelyden. Det er mykje å gle seg over og mykje å vera stolt over i kyrkjelyden vår!