Torunn Aarskog, leiar i soknerådet, ønskte velkommen då årsrapporten vart lagt fram etter gudstenesta i dag.

Eitt av bileta viser alle årsmeldingane som vart lagt fram, og det fortel om eit utruleg stort og godt arbeid som vert drive i kyrkja sin regi. Dei frammøtte hadde nok lese heftet på førehand, og nokre nytta høvet til å kome med kommentarar i form av nye idear eller ros. Både sokneprest Olav Oma og kyrkjeverje Harald Johan Sandvik svara på spørsmål som dukka opp. Dei retta ein hjarteleg takk til alle som på ein eller anna måte tek del i kyrkjelydsarbeidet. Torunn Aarskog understreka at arbeidet i soknerådet gir glede og mange er med og dreg lasset. Til slutt vart det sett fokus på Alphakurset som er eit samarbeidsprosjekt mellom soknerådet og alle indremisjonsforeiningane i bygda.

Årsrapporten har lege tilgjengeleg blant anna i kyrkja og på biblioteket, og truleg finst han framleis. Det er vel verd å lese han.