Temakveldane kjem på rekke og rad i Fitjar kyrkje, og torsdag 7.november vert det musikal med Fitjar kyrkjekor.

Fitjar kyrkjekor har øvd inn musikalen: «Det gode landet» av Eivind Skeie og Sigvald Tveit i haust. Koret og dirigent Jan Overweg gler seg til ei framføring.

Med seg på laget har dei fått gode solistar, og danseelevar i Fitjar kulturskule som skal ta del i oppsetjinga.

– Marianne Juvik Sæbø og Arne Kvarven skal vera solistar. Sopranen Marianne Juvik Sæbø har vitja Fitjar kyrkje fleire gongar før. Sist i 2016 da som solist med Gospelkompagniet. Ho er ein ettertrakta konsertsongar som ofte er solist ved kyrkjemusikalske oppsetjingar. Tenoren Arne Kvarven er frå Bømlo, og er ein songar som har sin tyngde i det klassiske repertoaret. I «Det gode landet» framstiller han Sanct Peter, og får samstundes nokre av dei vakraste songane i verket, fortel ei oppglødd Eli Simonsen til Fitjarposten.

Simonsen fortel at kyrkjespelet «Det gode landet» foregår i himmelen, der ein skal gjera alt klart til den store festen. Gjennom stemmene til engelen Gabriel, Sankt Peter, og menneske frå jorda får me høyra gode, gripande, glade og vemodige historier om korleis vegen hit har vore.

– Tekstane til Eivind Skeie og musikken til Sigvald Tveit er folkelege og formidlar eit tydeleg budskap med håp og glede som vegvisarar, avsluttar Simonsen.

Ho mykje alle vel møtt til Fitjar kyrkje kl.19.30

- Annonse -