Fitjar kyrkje vert open i dag for å vise medkjensle med alle dei som er råka av tragedien i Oslo og på Utøya.

Sokneprest Olav Oma melder at kyrkja, vil vere open frå klokka 14.00 til 18.00, slik det vert gjort så mange andre stader rundt om i landet. Folk er velkomne for å tenne ljos, be ei bøn eller berre for å vere saman. Personar av kyrkja sine tilsette vil vere til stades.

Olav Oma seier til slutt at gudstenesta i morgon kl 11.00 vil bli prega av det som har hendt.