Barnehageborn i alderen to til seks år var eit flott publikum.

Dei sat stille på golvet og lytta til den fine musikken som vart framført mens nokon av dei minste hadde eit godt fang å sitje i, og små hender klappa for kvar utøvar. Tema for konserten var song og forteljing frå Astrid Lindgren si verd. Mange born viste tydeleg at dei kunne både tekst og tone til noko av det som stod på repertoaret.

Anne Lene Østvold Jordåen, som er rektor i kulturskulen, presenterte deltakarane og gav fleire av dei tonefølgje på piano. Sofie Rimmereid innleia med å spele Emil-songen, Du kjære snille snikkarbod på piano. Eirin Moldestad Oma spela Pippi-songen på fiolin, og med Pippi-liknande kjole stod ho fram som ei lett-kjenneleg Pippi Langstrømpe. Med glinsande tverrfløyter framførde tre jenter songen om Lille katt. Det var Live Bukkholm Stegane, Linnea Vestbøstad og Tuva Nysæther. Anne Lene akkompagnerte på piano då alle borna fekk vere med på allsong. Marte Rimmereid spela Madikken på piano, og Silje Rydland song solo med musikk av Anne Lene. Siste innslag var ved dramalærar Torhild Berger Falk. Ho fortalde om forfattaren Astrid Lindgren og engasjerte born til å vere med å dramatisere sjørøvarskuta. Då vart det liv og røre, og kanskje litt skummelt for dei små som ikkje forstod samanhengen, men det var trygt i nærleiken av dei vaksne i barnehagen. Aller sist viste Torhild fram mange bøker av Astrid Lindgren, og borna gav uttrykk for at det var kjent stoff. Etter konserten stod bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen klar til å registrere boklån.

Silje fortel at alle barnehagane i Fitjar møtte fram i dag, og det var to konsertar. Dei er heldige desse borna som får slike gode musikk-opplevingar. Det var eit flott publikum, skreiv me innleiingsvis, men også flotte musikantar frå kulturskulen.