Eit ekstraordinært årsmøte torsdag kveld valde Halvard Wiik og Harald Rydland til delegatar til fylkesårsmøtet i Hordaland KrF 27. oktober, og begge to er mest innstilte på å støtta partileiar Knut Arild Hareide i regjeringsspørsmålet.

Som første lokallag i Hordaland heldt Fitjar KrF ekstraordinært årsmøte torsdag kveld. Saka var å velja to delegatar til fylkesårsmøtet 27. oktober, som igjen skal velja delegatar til det ekstraordinære landsmøtet i KrF 2. november.

Regjeringsspørsmålet blei då sjølvsagt tema på gårsdagens møte. Det blei bestemt at delegatane fekk stå fritt til å røysta som dei vil på fylkesårsmøtet. Under møtet blei det uttrykt ein del skepsis til å skfta side i regjeringsspørsmålet, då det kan gi SV større innverknad.

Likevel valde årsmøtet to kandidatar som er mest innstilte på å støtta partileiar Knut Arild Hareide, og gå i forhandlingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

– Eit samarbeid med Ap og Sp borgar for mykje god sentrumspolitikk, seier Harald Rydland til Fitjarposten.

– KrF har fått til mange gode løysingar med desse to partia i Stortinget, understrekar den tidlegare Fitjar-ordføraren, som elles gler seg stort over medlemsveksten i partiet. I Fitjar har KrF fått ni nye medlemmer, og på landsbasis rundt 1700!

- Annonse -