Jentene i 13-årsklassen er i Bergen i dag, og har nettopp blitt kretsmeister i fotball.
Det er ein glad jentetrenar, Trond Henriksen, som melder dette på ei dårleg telefonlinje frå Vestlandshallen i Åsane.
Tidlegare i haust har tre Fitjar-lag spela om KM-tittelen i sine respektive klassar utan å lukkast. Derfor er det ekstra kjekt at Fitjar-jentene i klassen J2000 gjekk heilt til topps.
I skrivande stund feirar jentene og trenarteamet suksessen med god mat og drikke i Bergen, før dei legg på heimveg.
Fitjarposten har eigen reporter på staden, og ho vil leggja ut referat frå dagens kamp så snart ho får tid.