1. januar 2007 tek Fitjar Kraftlag over kundar og utstyr frå Fjordnett Internett AS. Dei vil driva tenesta vidare, men tilbyr samstundes Fjordnettkundane om å oppgradera til Fitjar Kraftlag sitt lynraske breiband via fiber. Fjordnett Internett AS har sidan oktober 2003 levert internettenester til abonnentar i Fitjar, men innstiller verksemda når kundane no vert overtekne av Fitjar Kraftlag.

I 2004 starta Fitjar Kraftlag å levera Internett til privatkundar i Fitjar. Ved utgangen av 2006 er fibernettet bygd ut slik at alle som bur i Fitjar kan knytte seg til dette nettet. Fitjar kommune er dermed ein av dei første kommunane der ”alle” kan få tilgang til Lysepakken.

Systemet er moderne, framtidsretta og brukarvenleg, og kraftlaget og Fjordnett Internett AS har saman funne at den beste løysinga er at kraftlaget overtek kundane til Fjordnett Internett AS, skriv Fitjar Kraftlag i ei pressemelding.