I samband med transaksjonen med Haugaland Kraft, som gjeld frå årsskiftet, fekk Fitjar Kraftlag 500 000 kroner til utdeling til gode prosjekt i bygda.

Kraftlagssjef Håvard Singelstad fortel at Fitjar Kraftlag no har fordelt desse pengane på fire gode tiltak i Fitjar.

  • Fitjar Idrettslag, fotballgruppa, får 110 000 kroner til nytt klubbhus ved kunstgrasbanen.
  • Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikkag får 110 000 kroner til to nye paukar. Dette er svært dyre instrument og ei viktig investering for framtida.
  • Fitjar Skyttarlag får 110 000 kroner til den nye miniatyrskytebanen i Årskog.
  • Fitjar kultur- og idrettsbygg får 170 000 kroner til nytt kinolerret. Dette er eit rullelerret som gir ei heilt ny filmoppleving.

Therese Nysæther og Håvard Singelstad seier dei gler seg over å vera med og støtta gode tiltak i Fitjar. På eit seinare tidspunkt vonar dei å få høve til å besøkja dei glade mottakarane.

Singelstad legg til at dei fekk inn 35 søknader denne gongen, og det var mange gode tiltak blant dei. Han oppfordrar dei som ikkje fekk midlar no, til å søkja på nytt til våren.

Leiar i Fitjar Skyttarlag, Anna Bodil H. Tislevoll, gler seg over støtte til den nye miniatyrskytebanen i Årskog. Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.