Agnar Aarskog og resten av styret i Fitjar Kraftlag meiner Fitjar Frivilligsentral treng ei ekstra gåve i desse tider. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar Kraftlag blir med på Korona-dugnaden, og styret har vedteke å bidra med Kr 50.000,- til Fitjar Frivilligsentral.

– Frivilligsentralen i Fitjar er ein viktig aktør for frivilligheten og spesielt i krisetider er det viktig å ha frivillig innsats. Me ser blant anna at Frivilligsentralen er med på å organisera adgangskontroll på FBB. Det vil framover bli behov for ytterlegare innsats frå frivillig sektor, skriv styreleiar Agnar Aarskog.

Han fortel på vegne av styret at dei trur den frivillig sektoren kan vera til god støtte for kommunen i arbeidet med å komma oss gjennom Korona-krisa.

Les ogso: Har frivillige i jobb under Koronapandemien

Tusen takk!

– Det er utruleg gøy med ei slik gåve. Det er so kjekt at arbeidet me gjer vert lagt merke til. Desse midlande gjev oss moglegheita til å laga ei markering for alle våre frivillige til hausten, fortel dagleg leiar ved Fitjar Frivilligsentral Ellinor Bergesen til Fitjarposten.

Ho fortel at det er ei æra å ha jobben som dagleg leiar i Fitjar Frivilligsentral.

– Det er so utruleg flotte folk i Fitjar. Alltid klare til å ta i eit tak, men me har alltid plass til fleire, avsluttar Bergesen.