Dåverande ordførar Wenche Tislevoll og teknisk sjef Randi Karin Habbestad markerer aksjonsstarten for "sykle til jobben 2019" utanfor rådhuset. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Er du Fitjarbu, eller jobbar i ei Fitjar-verksemd spanderer Fitjar kommune på deg deltaking i aktivitetskampanjen «sykle til jobben»!

«Sykle til jobben» er Noreg sin eldste og største aktivitetskampanje. I to månadar kan ein loggføra fysisk aktivitet for å få poeng. Ein får 1 poeng per 30 min med aktivitet om dagen, med ei maksgrense på 3 poeng per dag. Ein får alltid eit poeng for å gå, springa eller sykla til jobb sjølv om det tek mindre enn 30 min.

I fjor oppmoda kommunen alle sine tilsette til å vera med og dekkja innmeldingsavgifta for dei, men i år ynskjer dei alle innbyggjarane med.

– Fitjar kommune har fokus på folkehelse, og håpar mange vil vera med på «sykle til jobben». Ein kan delta individuelt eller som eit lag med venar, familie og kollegaer, skriv kommunen.

Årets kampanje startar 21.april, men du kan allereie no melda deg på.

Påmeldingsinformasjon finn de på kommunen si Facebook-side.

– Alle som melder seg på og registrerer aktivitetar er med i trekning av premier som m.a. syklar, turar og treningsutstyr, skriv kommunen, som vonar flest mogleg vil nytta seg av tilbodet deira.