Pressemelding frå Fitjar kommune: Under Koronapandemien har Fitjar kommune stengt rådhuset for publikum pga smittevern.

Vi informerer no om korleis vi gjennomfører ordinær saksbehandling, slik at alle søkjarar og næringsaktørar skal få raskast mogeleg handsaming av sine saker. Dette meiner vi vil kunna leggja til rette for meir aktivitet i bygge- og anleggsbransjen.

  • Fagfolk på avdelingane plan- og byggesak, teknisk og landbruk og miljø er tilgjengelege innan ordinær arbeidstid på e-post, telefon og på videomøter ( skype/ teams). Kontaktinformasjon til kommunen er fitjar@fitjar.kommune.no eller tlf 53 45 85 00

De finn også kontaktinformasjon til den enkelte saksbehandlar på kommunen sine heimesider Fitjar.kommune.no

  • Alle søknadar som kjem inn vert handsama fortløpande, og på ordinær måte.
  • Fagfolk kan vera tilgjengelege for fysiske møter og synfaringar med totalt inntil 5 deltakarar. Då må nasjonale smittvernreglar følgjast med avstand mellom folk på 2 meter, og god smittehygiene.
  • Førehandskonferansar og oppstartsmøter kan bestillast på vanleg måte, og de vil bli kontakta av kommunen for korleis dei blir gjennomført. Dei blir helst gjennomført digitalt, men kan gjennomførast fysisk, men då må nasjonale smittvernreglar følgjast med inntil totalt 5 deltakarar med avstand mellom folk på 2 meter og god smittehygiene.

Vi opprettheld ordinær saksbehandling, under føresetnad av at våre fagfolk er friske, og vi har kapasitet til rask saksbehandling, innanfor rammene av nasjonalt lovverk.

Politiske møter vert gjennomført digitalt, i tråd med vedtatt møteplan. Møta er opne og media kan kopla seg opp på Teams.

Fitjar kommune vil tilretteleggja for at små- og mellomstore bedrifter i Fitjar kan få felles rettleiing om dei nasjonale pakkene som skal hjelpe næringslivet. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Rådhuset vil framleis vera stengt for besøkjande, og dei fleste av våre fagfolk og saksbehandlarar jobbar frå heimekontor.