Kommunestyret vedtok samrøystes revidert budsjett i møtet onsdag. Biletet: Annar Westerheim under debatten. Foto: Harald Johan Sandvik

Kommunen sitt årsbudsjett, som vert vedteke i desember kvart år, er avhengig av føringane i nasjonalbudsjettet, også kalla statsbudsjettet, som er lagt fram tidlegare på hausten. Etter nokre månader kan det vera endringar på fleire punkt, og ein må korrigera. Då kjem revidert nasjonalbudsjett, som kan gi endringar for kommunane, som så handsamar sine reviderte årsbudsjett.

Kommunestyret handsama revidert budsjett 2015 i møtet i går.

I revidert nasjonalbudsjett fekk Fitjar kr. 501.000 i auka generell ramme og ein liten auke i tilskot til barnehagar. Skatteanslaget kan aukast med kr. 239.000 og inntektsutjamninga gav meirinntekt på kr. 354.000.

På den andre sida vert eigedomsskatten kr. 231.000 lågare enn opphavleg budsjett.

På finansieringssida vert det forhandla om endring av lån og forlenga nedbetalingstider. Det arbeidet er ikkje ferdig. 

Lågare rentenivå gjev reduserte utgifter på lån, men renteinntektene vert samtidig reduserte.

På drift får administrasjon ein reduksjon på kr. 123.000, skule og oppvekst ei auka løyving på kr. 190.000, plan og miljø auke på kr. 200.000, pleie og omsorg er auka med kr. 935.000. Reknestykka på desse avdelingane er samansett av ei rekkje pluss- og minuspostar.

Ei oppdatering frå KLP syner at pensjonskostnadane må aukast med kr. 640.000. 

Trongen for nye lån er rekna til 16,4 mill.

Ein konklusjon i saka er at kommunen ikkje har økonomi til å driva Fitjar Bu og behandlingssenter på det nivået ein har i dag. Det vert sett inn ressursar for å sjå kor ein kan gjera innsparingar. Dersom det ikkje lukkast, må tilbodet reduserast eller drivast med lågare bemanning.

Samla syner revidert budsjett eit mindreforbruk, tilsvarande overskot,  på kr. 1.359.743.