Rådmann Olaug Haugen, her med ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune har skapt eit godt økonomisk resultat for 2019, med eit mindreforbruk på 6,1 mill. kr.

– Vi har nytta våre økonomiske ressursar i tråd med budsjettet, til kommunen sine store velferdsoppgåver og til lokal samfunnsutvikling, melder rådmann Olaug Haugen i ei pressemelding.

Ho fortel at årsaker til det gode økonomiske resultatetet er at dei aller fleste av kommunen sine tenesteområde har levert tenestene innanfor sine budsjettrammer, som gjev eit samla økonomisk mindreforbruk.

– Dette krev god dagleg styring av kommunen sine ressursar frå alle leiarar og medarbeidarar, og det krev god og jamleg kontroll og rapportering av den økonomiske situasjonen frå økonomiavdelinga. Eg vil takka alle leiarar og medarbeidarar for dette, skriv Haugen.

Vidare fortel ho at kommunen har fått styrka inntektene sine.

– Auka nasjonal skatteinngang, som har tilført Fitjar kommune 2,8 mill, og utbetaling frå Havbruksfondet på 0,9 mill. som er 0,65 mill. over budsjett. I tillegg har kommunen har fått reduserte pensjonskostnadar i Statens pensjonskasse med knapt 1 mill.

– Eg er særs nøgd med eit positivt økonomisk resultat i ei tid der rammevilkåra er strammare, og omstilling i organisasjonen pågår, avsluttar rådmannen.