Smittevernlege i Fitjar kommune, Odd Jarl Kvamme, sat tidlegare av 20 prosent av vaksinedosane i kommunen til personer som korkje er helsepersonell eller i risikogrupper. Foto: Cassandra G. Jespersen/Ingrid Hovstad/Stord24

– Det er ikkje høve til å prioritere andre grupper slik som teknisk personell, rådmann eller tilsette i brann- og redningsetat, seier FHI.

Onsdag morgon informerte Fitjar kommune om vaksinedekninga i kommunen, der dei opplyste at dei no er i gang med vaksinering av personar under 79 år og at prioritert helsepersonell, som kan få inntil 20 prosent av vaksinedosane, er ferdigvaksinerte.

Også personar i høgrisikogruppa for alvorleg sjukdom ved Covid-19 vert vaksinerte no.

Dette er i tråd med prioriteringsrekkefølga til Folkehelseinstituttet. Men Fitjar kommune har også byrja å vaksinere «teknisk personell og brannfolk». I tillegg har rådmann og helse- og sosialsjef fått vaksine.

– Kritiske funksjonar

Smittevernlege Odd Jarl Kvamme, som har teke desse avgjerda, seier til Stord24 onsdag at desse gruppene og personane er prioriterte grunna deira samfunnskritiske roller.

– Eg definerar folk som har samfunnskritiske funksjonar inn i den 20 prosent-kvoten saman med helsepersonell. Nå me no har vaksinert helsepersonell er det viktig i ein så liten kommune som er så avhengig av så få personar i kritiske stillingar, at også dei vert vaksinerte, seier Kvamme.

– Det er ikkje så mange som kan erstatte personellet her, slik som i større kommunar. I Fitjar er samfunnsfunksjonar knytt til person i større grad. Eg vil ikkje at viktige kommunefunksjonar vert slått ut grunna smitte hos sentrale personar.

– Nøkkelpersonar i pandemien

Kvamme seier vidare at brannfolk vert vaksinerte fordi brannvesenet har ein livreddande funksjon i høve til oppdrag som gjeld liv og helse.

– Når det gjeld teknisk personell er dei viktige for å drive kommunen, ikkje minst på IT-fronten, seier smittevernlegen og peikar mellom anna på dataangrep som eit tenkt scenario kor deira kompetanse vert viktig å ha tilgjengeleg.

– Me må vite at det er folk som kan ta hand om IT-systemet.

I høve til vaksineringa av rådmannen og helse- og sosialsjefen i Fitjar kommune, seier Kvamme at dette er personar som ikkje kan erstattast.

– Rådmann og helsesjef sit som nøkkelpersonar i heile pandemisituasjonen. Me har ikkje folk som kan erstatte desse personane i Fitjar. Situasjonen vert kritisk viss dei vert slått ut.

Smittevernlege i Fitjar kommune, Odd Jarl Kvamme, meiner at også samfunnskritiske roller må prioriterast i vaksinedekninga. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

– Berre eldre og andre risikogrupper

Stord24 har vore i kontakt med Folkehelseinstituttet med spørsmål om vaksineprioriteringa i Fitjar kommune er i tråd med vaksinasjonsprogrammet. Me spurte dei om kommunen har adgang til å nytte 20 prosent av dosane til personell som nemnt i saka, når prioritert helsepersonell er ferdig vaksinerte.

Slik svarar seksjonsleiar Are Stuwitz Berg i FHI:

– Nei, når ein er ferdig med å vaksinere sitt prioriterte helsepersonell i henhald til rettleiinga frå FHI, skal ein avvente vidare helsepersonell-vaksinering i kommunen. Dei kommunane som ikkje er ferdig med å vaksinere sitt prioriterte helsepersonell kan fortsetje å vaksinere sitt prioriterte helsepersonell med inntil 20 prosent av dei dosane dei får.

– Det er ikkje høve til å prioritere andre grupper slik som teknisk personell, rådmann eller tilsette i brann- og redningsetat. Det er berre eldre og andre medisinske risikogrupper, samt prioritert helsepersonell som kan få tilbod om vaksinasjon.

Vil ikkje rette seg etter FHI

Smittevernlege Odd Jarl Kvamme fekk torsdag føremiddag presentert svaret frå FHI, men vel å stå fast ved avgjerda han har teke.

– Eg har den same haldninga som eg hadde før. I ein liten kommune er med nøydd til å ha personell som kan vere i funksjon viss me skulle få stor smitte. Det er livsviktig for å oppretthalde naudsynte funksjonar i samfunnet.

Kvamme trekk fram avgjerda om å vaksinere personell i brannvesenet som eit døme på det.

– Me har utrykkingstid på ambulanse på 25 minuttar. Då fungerar brann som spydspissen i naudhjelpspersonell. Difor har me teke desse avgjerda.

Smittevernlegen understrekar at vaksineringa av desse andre gruppene ikkje starta før helsepersonellet var ferdig vaksinerte.

– Det er langt frå FHI til Fitjar. Eg har eit ansvar for at lokalsamfunnet er trygga, seier han.

Får god hjelp frå fastlegane

Kvamme kjem difor til å halde fram med å syte for at viktige samfunnspersonar i Fitjar vert prioriterte.

– Framleis innanfor dei 20 prosentane. Dei eldste og dei sjukaste skal ha 80 prosent av vaksinekvoten, legg han til.

Smittevernlegen får god hjelp frå fastlegane i kommunen i høve til arbeidet med å vaksinere personar i yngre høgrisikogrupper.

– Fastlegane har hjelpt oss med å finne dei personane. Dei kjenner godt til folka i Fitjar og har trekt ut lister som sikrar at me får tak i dei som er mest utsette for sjukdom ved smitte.

Reknar med endring etter påske

Kvamme reknar med at alt av det han kallar kritisk personell vil vere ferdig vaksinerte mot midten av april.

– Eg vil tru at me ei veke etter påske er der at me kan intensivere og nytte 100 prosent av vaksinene på risikogruppene. Det som eg håper og reknar med at skjer samtidig, er at vaksinekvotane aukar. Då vil ein få fortgang i vaksineringa ute i befolkinga.

– Eg har ei oppmoding til alle: Fatt mot, hald ut, det vert snart betre, seier Kvamme.

– Kritikk får me tole

Ordførar i Fitjar kommune, Harald Rydland (Krf), uttala onsdag at han har full tillit til Kvamme sine vurderingar og er ikkje redd for å møte kritikk for vaksineprioriteringane som er gjort.

– Kritikk får me tole. At nokon reagerar, må me rekna med. Likevel stolar eg på smittevernlegen sine vurderingar, og meiner at desse er dei beste i den store samanhengen.

– Me er ein liten og sårbar kommune når det gjeld bemanning i sentrale funksjonar, og me er avhengige av å ha kompetente personar oppegåande, seier Rydland og legg til:

– Eg har sagt at eg vil vere den siste i Fitjar som får vaksine.

Ordførar Harald Rydland (Krf) uttrykker å ha full tillit til avgjerda til smittevernlegen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad, Fitjarposte