Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar kommune svært kjem bra ut i tildelinga av det nyoppretta statlege havbruksfondet.

– I Fitjar ha me bidratt til ein offensiv kommuneplan som tilretteleggjer for vidare vekst i havbruksnæringa. Eg er glad for at me endeleg har ei regjering som verdset arbeidet me gjer med denne næringa i kommunen, seier leiar i Fitjar Framstegsparti, Sigurd André Maraas.

Den store veksten for havbruksnæringa dei siste åra er bakgrunnen for det nyoppretta fondet, som skal gi løn til kommunar sin innsats i å leggje til rette for nyetableringar

– Det er riktig at kommunar som legg til rette for havbruk får ta del i den verdiskapinga, og at kommunane også får kompensasjon for jobben dei gjer med å leggje til rette for havbruksnæringa, seier Maraas.

I 2018 vil 164 kommunar og 10 fylke få gode utbetalinger frå fondet.

Utbetalinga vil skje i oktober i år. I følgje Maraas fører desse pengant til at Fitjar kommune kan ha pengar på fond, som kan brukast til gode investeringsføremål for Fitjarbuen i åra som kjem.

– Dette er midlar me bør investere med, og ikkje falle for freistinga til å trykkje midla rett inn i driftsbudsjettet for brannslukking, seier Maraas.

- Annonse -