Kommunen har bestilt asfaltering i veke 44 og det er firmaet NCC Roads som skal utføra arbeidet, melder Fitjar kommune. Vegstykka som skal asfalterast er: Stølen i Fitjarstølane, som vert re-asfaltert, Kvedno, der vegen er utvida, skal re-asfalterast, vidare vegen over Fitjar idrettspark mot den nye barnehagen i Bakken, vert re-asfaltert. Elles skal det og gjennomførast smålapping der ein har hatt graving i vegen, informerer Fitjar kommune på sine heimesider.