Ordførarkandidat for Fitjar Frp, Sigurd Maraas har kome over ein lekkasje frå Statsbudsjettet. Les meir om dette nedanfor. Foto: Stockphoto

 – Litt lekkasje frå statsbudsjettet for 2016. 
Til neste år blir terskelen for å få vekstkommunetilskot redusert frå 1,6% til 1,5%. Då kjem Fitjar med i ordninga og blir definert som ein vekstkommune som får auka rammetilskot.

Dette med vekstkommune og tilskot er noko me i Fitjar Frp har vore i dialog med regjeringsapparatet om, så dette viser at Fitjar Frp har korte linjer inn i styrande organ. Slik eg ser det det gledelig å sjå at Fitjar får i underkant av 300 tusen kroner ekstra i 2016, som følge av at me er i vekst, skriv Maraas.

Fitjarrådmann Atle Tornes  kan sjølsagt ikkje verifisera lekkasjar frå statsbudsjettet, men seier at det det er korrekt at me har hatt ei folketalsutvikling som tilseier at me skulle hatt vekstkommunetilskot, også utan endringane som Sigurd Andre Maraas peikar på.

– Det er tala pr 1. januar over tre år som gjeld, og me var over grensa på 1,6 % ved sist årsskifte, som er grunnlag for 2016. Det kronetalet me då hadde rekna var ca 100.000, slik at det er ekstramidlane på 178.000 som er friske, kommenterer han.

 

Her er tala:  Kolonne 1 er 2016, kolonne 2 er 2013 og kolonne 3 er 2015. Tala i antal 1000 kr.

 
1216 Sveio 810 0 1 399  
1222 Fitjar 278 0 0  
1227 Jondal 39 0 42  
1243 Os 10 942 2 477 11 979  
1244 Austevoll 21 0 0  
1245 Sund 965 1 632 1 208  
1246 Fjell 13 027 0 10 372  
1247 Askøy 8 709 1 537 9 339  
1256 Meland 7 481 1 760 7 469  
1259 Øygarden 2 178 0 3 722  
1263 Lindås 1 226 0 0  

 

 

 

 

Her kommer tallene kolonne 1 er 2016, kolonne 2 er 2013 og kolonne 3 er 2015