A-laget til Fitjar hadde ingen problem mot Trott i søndagens serieavslutning i 5. divisjon fotball, og kunne innkassera tre velfortente poeng etter 3-0 mot naboane frå Nordbygdo.

Då Fitjar tok imot Trott til lokaloppgjer på kunstgraset søndag ettermiddag, hadde ingen av laga noko særleg å spela for. Laga kunne ikkje rykkja verken opp eller ned, og Trott låg for langt føre Fitjar på tabellen til at heimelaget kunne gå forbi. Men me fekk eit nabooppgjer av godt gammalt merke med høg temperatur i den kalde haustvinden, som etter kvart gjekk over i regn.

Allereie etter vel 10 minutt var standarden sett, då Fitjar fekk straffespark, noko strengt idømt. Fitjar-spelaren Kjell-André Thorland blei felt på veg ut av Trott-feltet. Heldigvis for misnøgde Trott-spelarar sette Kjell Træet straffesparket i stolpen. Men Trott heldt fram å leva farleg; berre minuttet etter sende Mats Brakedal ballen i ein fin boge over Trott-keeper Asbjørn Isdal, og i tverrliggjaren.

Første omgang blei spelemessig jamn, med eit lite overtak for heimelaget, som såg ut til å ha mest nytte av den sterke vinden. Men nye, store målsjansar såg me ikkje før det berre stod att 10 minutt av omgangen. Mats Brakedal kom seg inn i feltet, og skotet hans blei stoppa av eit par Trott-hender. Ingen tvil om straffesparket ved dette høvet, som gav gult kort til Trott-backen Richard Tjelta. Og heller ingen tvil om at Jan Åge Tislevoll hadde tenkt å scora. Hardt og kontant i nettaket, utan sjanse for Trott-keeperen. Fem minutt seinare var Jan Åge Tislevool frampå igjen, med eit skot frå 12-15 meter, som gjekk kontant i mål. 

Heilt på slutten av omgangen hadde Trott ein ball i nettet bak Fitjar-keeper Oddgeir Træet. Men målet blei annullert for angrep på keeper, til stor frustrasjon for Trott-leiren. Dei følte nok at fleire avblåsingar hadde gått i deira disfavør, og følte for å la dommaren få vita om dette. Heldigvis hadde stemninga roa seg mykje då laga entra banen til andre omgang, noko som aktørane skal ha all honnør for. Andre omgang blei fairspelt, utan dei store kontroversielle situasjonane. 

Me som hadde frykta at vinden no skulle komma Trott til gode, hadde nok uroa oss utan grunn. Fitjar heldt fram med å dominera kampen, og me kunne ikkje notera ein einaste stor sjanse for gjestene. Etter 10 minutt blei gutespelaren Geir Steffen Tranøy spela fint gjennom, og fekk ein fot på ballen før Trott-keeperen nådde fram. Dermed stod det 3-0, og kampen var avgjort. Det som var av sjansar resten av kampen, var det heimelaget som stod for, og dei vann ein svært så velfortent siger i eit godt, gammaldags lokaloppgjer med nerve. 

Fitjar-trenar Stein Gunnar Halleråker meiner dagens kamp truleg var den beste heimekampen laget hans har spelt i haust.  Noko det er lett å vera einig i; me fekk sjå eit heimelag av lettbeinte spelar som let ballen gå, og skapte store problem for gjestene sine. Trott-trenaren, den gamle Fitjar-venen Leif Dikki Steensohn, var ikkje særleg nøgd med sitt eige lag denne gongen. Og slo fast at i dag var Fitjar det klart beste laget.

Medan Fitjar og Trott avslutta sesongen i «ingenmannsland» midt på tabellen, er situasjonen annleis for naboen Solid. Dei feirar opprykk i Solid-huset i kveld, etter 4-3 på bortebane mot Rosendal. Trenar Roger Almås fortel til fitjarposten.no at det er deilig å få kampen overstått. Ein kamp som såg ut til å vera under kontroll ved pause, då det stod 3-0 til Solid. Men etter kvart kom Rosendal inn i kampen, og var oppe i 2-3, før Solid gjekk opp til 4-2, på eit skot frå midtstreken.

Frå Rosendal fortel nestor Håvard Sætrevik at klubben hans tek dagens tap med fatning.  – Det er på ingen måte avgjerande for klubben at me ikkje rykte opp denne gongen, seier Håvard, som neppe blir å sjå på banen neste år. Han legg til at han unner Solid opprykket. Det same gjer fotballfolket i Fitjar, sjølv om dei til neste år går glipp av dei kjæraste av alle kampane, nabooppgjera mot Solid.   

At kampen Fitjar-Trott ikkje hadde all verda å seia for dagens aktørar ser me av tabellen i 5. divisjon menn avd. 02