Det meiner i alle fall klokkespesialist, campanolog Terje de Groot. Han fortel til Fitjar Kyrkjeblad at han meiner at den eine klokka i kyrkjetårnet kan vere nærare 1000 år gamal, og dermed ei av dei eldste i landet. Foto: Torbjørn Hovland

Artkkelen i kyrkjelydsbladet er ført i pennen av Torbjørn Hovland, og han siterer de Groot vidare på at han, ut ifrå fasong, støypeteknikk og andre karakteristika grovreknar klokka til å vere om lag 200 år eldre enn den som heng i Moster gamle kyrkje.

Tidlegare teneste i gamlekyrkja
Klokka det er snakk om er den minste av dei to klokkene som no er å finne i kyrkjetårnet. Ho gjorde tidlegare teneste i den gamle steinkyrkja som vart riven i 1867. Klokka er vidare ei bronseklokke med høgd 37 cm og 40 cm i diameter.

– Klokka har følgjande inskripsjon på latin: «Sum preco Christi populi sucurre te clamo. Absalon me fecit.» Det tyder: «Jeg er Kristi folks herold. Absalon gjorde meg.», skriv Hovland og nemner òg nyeklokka:

«I glede over desse nye opplysningane skal me likevel ikkje gløyma nyeklokka, sjølve arbeidshesten i kyrkjetårnet. Signert J.F. Becker Bergen 1854 har ho med sine 324 kg lydd over bygda i gode og vonde dagar.

Og påskrifta er like aktuell og klokkeklar:

Med malmet klang til mæle,
jeg raaber i Guds navn
Vaagn op av søvne, sjele
fly til jer frelsers havn.»