– Om ein ikkje kjem til ei løysing på konflikten, og streiken vert vidare opptrappa, kan me ikkje utelukke at skular og barnehagar i Fitjar òg vert trekte inn i streiken, seier hovudtillitsvalt og lokallagsleiar for Utdanningsforbundet i Fitjar, Katrin Innvær Ankervold til fitjarposten.no.

Sjølv om ikkje dei tilsette i skular og barnehagar Fitjar er mellom dei 5500 som til no er tekne ut i streik, er generelt alle Utdanningsforbundet sine medlemer i streik no, og det er stor streikevilje også i Fitjar, seier Ankervold til fitjarposten.no.

– Kva handlar denne streiken eigentleg om?

– Djupast sett handlar dette om at me opplever at det ligg ei mistru til lærarane bak KS sitt framlegg, som ønskjer å binde meir av lærarane si arbeidstid til skulen. Det er mest som om dei trur at lærarane ikkje brukar si ubundne tid på ein forsvarleg måte. Heilt sidan me kom inn under KS, har det år for år vorte eit tilbakeslag på dette området. Men skal elevane få ein god skule, må skulen òg vere ein god arbeidsplass for lærarane, legg ho til.

Elendig overtidsbetaling
Det handler heller ikkje berre om den bundne arbeidstida.

– Folk er gjerne ikkje klar over at lærarane får elendig overtidsbetaling. Medan det elles i samfunnet er vanleg at ein får 50 prosent ekstra for overtidsarbeid, får lærarane 30 prosent mindre for ein overtidstime enn for ein vanleg time.

For små arbeidsplassar
– Skulle det bli slik at lærarane likevel blir bundne 7,5 timar dagleg på skulen, vil det bli dyrt. 56 prosent av landet sine skular har ikkje arbeidsplassar på 6 m2 for kvar lærar, noko som er kravet etter arbeidsmiljølova. Heller ikkje den nye skulen her på Rimbareid tilfredstiller desse krava. Då må det altså ei storstilt utbygging/opprusting til over heile landet, seier hovudtillitsvalt Katrin Innvær Ankervold til slutt.

Ingressbilete: Hovudtillitsvalt og lokallagsleiar for Utdanningsforbundet i Fitjar, Katrin Innvær Ankervold. Foto: Håkon C. Hartvedt