I dag tidleg vart dette kunngjort på NRK- Hordaland.

I dag tidleg vart det sagt på NRK-Hordaland at Mariann Vestbøstad Marthinsen skal vere flaggberar under opninga av Paralympics i Vancouver denne helga. Seremonien føregår kl 03.00 (norsk tid) laurdag 13. mars. Mariann er i år med på sitt 3. OL, men denne gongen i langrenn. Tidlegare i vinter fekk ho sin første verdenscupsiger i langrenn i Tyskland. Fitjarposten har ved fleire høve skrive om Mariann Vestbøstad Marthinsen.

Det er god grunn til å vone på medaljeplass ! Me ønskjer lykke til !