På årsmøtet i Fitjar Idrettslag onsdag 22. februar blei Lillian Nesse vald til ny leiar, og samstunes blei det gjort kjent at laget har tilsett Geirmund Aga som dagleg leiar.

Stillinga som dagleg leiar er ei nyoppretta stilling i Fitjar Idrettslag, og Geirmund Aga byrjar i 1. april. Han vil ta over den daglege drifta av Fitjar Treningssenter, som idrettslaget kjøpte av Kari Raunholm i fjor. Vidare vil han få ansvar for sponsorkontakt og andre oppgåver for å avlasta styret og andre eldsjeler i idrettslaget. Det er første gongen idrettslaget tilset ein person på heiltid i ei slik stilling, og det er med forventning styret ser fram til å få den daglege leiaren på plass. 

Dei 18 frammøtte fekk elles oppleva eit årsmøte av det rolege, tradisjonelle slaget. Årsmeldinga bar bod om god aktivitet på mange felt i den klart største frivillige organisasjonen i Fitjar. I 2011 hadde Fitjar Idrettslag 616 betalande medlemmer, ein nedgang på vel 100 medlemmer frå året før. Men denne nedgangen vil nok etter kvart bli snudd til auke når Fitjar Treningsenter blir ein del av Fitjar Idrettslag.

Dei aller fleste medlemmene i idrettslaget er ungdom, som har eit svært variert aktivitetstilbod. – Det er bra at ein har ungdommane med seg, kommenterte møteleiar Finn Ingvar Havnerås. Årsmøtet slo fast at årsmeldinga gav eit godt bilete av heilskapen i idretttslaget, som er prega av godt samhald og gode samarbeidsforthold. Det var brei semje om at både årsmeldingane frå hovustyret og undergruppene gav eit godt bilde av aktiviteten i 2011. Av rekneskapen gjekk det fram at idrettslaget er ein veldriven organisasjon med god kontroll på økonomien.

Den nye leiaren, Lillian Nesse, er ny i styret i Fitjar Idrettslag. Det same er nestleiar Håkon Rydland Sæbø og den nye kasseraren, Brit Mari Dyvik Olsen. Men elles er det rutinerte folk i alle styreposisjonane. Heile styret ser slik ut:

Leiar:        Lillian Nesse
Nestleiar:  Håkon Rydland Sæbø
Kasserar:   Brit Mari Dybvik Olsen
Sekretær:  Dan Torbjørnsen
Styremedlem: Bente Fitjar
Varamedlem: Birte Steinsland

I tillegg er leiarane av gruppene med i styret:
Badminton:  Stian Hatlevik
Friidrett:      Rolf Vik
Orientering: Rolf Atle Rolfsnes
Turn:         Trude Strand,
Fotball:       Gisle Levåg
Handball:     Manglar leiar

«