A-laget til Fitjar Idrettslag rykkjer ned til 6. divisjon, stadfestar Hordaland Fotballkrets i dag.

På nettsidene til Hordaland Fotballkrets står det å lesa at Fitjar Idrettslag sitt A-lag rykkjer ned til 6. divisjon. Informasjonskonsulent Jan Otto Solberg hos fotballkretsen stadfestar at dette stemmer.

Seniorleiaren i fotballgruppa, Geir Tore Søreide, seier i ein kort kommentar at det nyttar lite å gremma seg over forvirrande informasjon frå fotballkretsen. Faktum er at A-laget til neste år spelar i 6. divisjon, for første gong sidan Fitjar IL kom med i seriesystemet for 40 år sidan. No gjeld det berre å gjera opphaldet i «skyggenes dal» så kort som råd.