Gode kjelder på Ekebergsletta i Oslo melder at Fitjar Idrettslag blir representert i to finalar i Norway Cup i morgon.

I Q-finalen – jenter 19 år – skal Signe Kvalsvik Rydland vera assistentdommar. Ho har dømt to finalar i Norway Cup tidlegare, men seier det ikkje er nokon nedtur å vera assistentdommar i år. Tvert imot kom årets oppdrag som ei gledeleg overrasking; det er ikkje vanleg å få dømma finale år etter år. Kampen går laurdag kl. 15.30.

Gledeleg må det og vera for Jørgen Tislevoll å komma til sin første Norway Cup-finale. Han skal vera assistentdommar i S-finalen, jenter 14 år. Oppdraget er eit klart teikn på at han har gjort sine saker bra i årets turnering. S-finalen går laurdag morgon kl. 09.00.

Her er link til oppsettet for finalane:
http://org.norwaycup.no/index.php?c=250&kat=Finaler