I årets Dana Cup i Hjørring er Fitjar Idrettslag representert med to gutelag i 15-årsklassen.

Fitjarposten har snakka med folk i støtteapparatet til Fitjar-laga, som blir rapportert å ha det bra. Dei to gutelaga består av 26 spelarar, og har med seg eit stort støtteapparat. Inkludert trenarar og familiar som er med og heiar, er det i alt 65 fitjarbuar på plass i Danmark.

Den store troppen kom til Hirtshals laurdag kveld, og tok inn på Feriecenter Fyrklit like utanfor byen. Så langt har dei brukt tida til avslapping og bading på dei fine strendene like ved feriesenteret. I kveld skal alle fitjarbuane vera med på den offisielle opninga av Dana Cup i Hjørring, og i morgon startar kampane for begge laga våre. Hjelpetrenar Alf Helge Westvik seier at dei vonar å få minst eitt lag med vidare til A-sluttspelet. Men uansett er dette ein flott tur som små og store har sett fram til lenge.

Som me ser på nettstaden til Dana Cup, skal det eine Fitjar-laget møta desse motstandarane: Hirtshals (Danmark), Roterud (Noreg), og JSG ISA (Tyskland). Det andre laget skal møta Hjørring (Danmarm), Sætre IF Graabein (Noreg) og MOL FK (Tyskland). 

Kampane for våre heltar begynnner i morgon. Oversikt over kampane deira kan me lesa her: