I årets Smalahove Cup på Voss gjekk Fitjar Idrettslag heilt til topps etter siger over Voss i finalen.

I Smalahove Cup på Voss denne helga har Fitjar Idrettslag vore representert med velrenommerte fotballspelarar i old boys-klassen. Og dei gjorde ikkje skam på idrettslaget. Med ein spelesugen og opplagt Åsmund Sørfonn i spissen gjorde dei reint bord. Ikkje mindre enn 7-3 vann dei i finalen over heimefavoritten Voss. Totalt blei målforskjellen 37-9, noko som vitnar om styrke.

I gruppespelet slo dei Granvin, Vadmyra og Sand etter å ha scora 26 mål, og berre sleppt inn 6. I semifinalen slo dei Os 4-2 før dei altså nedsabla vossingane med 7-3 i finalen. Toppscorar blei Åsmund Sørfonn med 17 mål. Gode kjelder fortel at heile laget varta opp med storspel og scoringar tekne rett ut av læreboka.

Laget som gler seg til å komma heim til Fitjar Idrettslag med pokalen, består av desse spelarane: Frode Brakedal, Knut Johannes Selsvold, Rune Brakedal, Victor Aga, Geir Bjarte Hatlevik, Ketil Fykse, Åsmund Sørfonn og fjorårets Fitjar-trenar Roald Hansen.

Om det var meir smalahove igjen etter at Fitjar-gutane hadde forsynt seg, seier ikkje rapportane noko om.