Fitjar IL har ei rekkje med gode tilbod til fysisk aktivitet her i bygda. Her er er oversikt over alt som skjer.

Fitjar IL kan tilby fotball, handball, turn, treningssenter, friidrett, badminton og orientering.

Vår visjon er “idrett for alle”, me jobbar kontinuerlig med tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge
gjennom idrett.

I dag kan ein melde seg inn i treningssenteret med egentrening og instruktørar/PT, eller ein kan byrje på badminton for å vere med i turneringar.

Friidrett

På vinterhalvåret føregår friidrettstreninga innandørs, medan på sommarhalvåret føregår den på Fitjar idrettspark.

Om du er med på friidrett får du allsidig trening med alt frå spenst, hurtighet, kondisjon og koordinasjon.

Friidrettsgruppa til laget har aktive i alle aldrar, frå dei minste rekruttane som er under 10 år, til spanande talent i ungdomsalderen, og aktive seniorar/veteranar i høg alder. Og det fine er at ein kan trene ilag.

Gjennom heile sesongen kan ein delta i ulike stevne, som f.eks. Maileikane i Haugesund, som er eit av årets høgdepunkt. Samstundes har ein lokale klubbstevne med jamne mellomrom der du får målt deg mot dei andre i same alder, og ikkje minst slå dine eigne rekordar.

- Annonse -

Treningstider – Sommarsesong (frå midten av april og ut september):
● Tysdagar 1700 – 1830: Trening for alle frå 4.klasse og oppover
● Torsdager 1730 – 1900: Trening for 12+

For meir info om innhald i treningane: sjå friidrettsbloggen eller besøk Facebook-sida Fitjar Friidrett

Leiar i styret er Sonja Pedersen. Ho kan kontaktast på e-post:Sonja.pedersen@haugnett.no

Turn

Turngruppa har tilbod til alle opp t.o.m. 3. klasse, og alle treningar er i gymsalen på Rimbareid.

Frå våren av vert det behov for instruktørar til ulike grupper, om du kunne tenkt deg og vere med så kan du ta kontakt med turnleiar Kjersti Lundal eller ein anna instruktør.

Treningstider:
● Måndagar 1700 – 1800: 4 – 6 år
● Tysdagar 1700 – 1800: 0 – 3 år

Leiar i styret er Kjersti Lundal. Ho kan kontaktast på e-post:lundalkjersti@hotmail.com

Fotball

Fitjar IL har ei stor fotballgruppe, fordelt på følgjande lag:

● A-laget
● Damelaget
● G-19
● G-16
● G-14
● J-16
● J-15
● J-13
● G-12
● G-11
● J-11
Leiar i styret: Kari S. Vik
E-post:
​ kari.steinsland.vik@haugnett.no

Handball

Handballen i FIL består i dag av eit senior damelag som spelar i 5.div. I tillegg har ein fire lag i aldersfastsette klassar i serien: G10, J11, J12 og J14. Me har også eit hobbydamelag som kun trenar.

For våre 6-9 åringar er minihandball populært, her spelar de i innverande sesong minihandball turnering/ar i Sunnhordland.

Treningstider:
● Måndag: 1600 – 1700 (J/G 6) 1630 – 1730 (J8/9) 1830 – 1930 (J12/13)
● Tysdagar: 1830 – 2000 (J15) 2000 – 2130 (Hobby handball)
● Onsdagar: 1630 – 1800 (J10/G11)
● Torsdagar: 1600 – 1730 (J12/13) 1900 – 2030 (J15) 2000 – 2130 (Damelag)

Spørsmål om handballen i Fitjar eller lurar på om dette er noko for deg/dine?

Send ein mail til fitjar.idrettslag@gmail.comeller ta kontakt direkte med leiar Liljan W. Waage på epost liljanv.waage@gmail.com

Badminton

Det er ein gjeng på ca. 20 som spelar badminton i Fitjar kvar veke.
Det er to grupper, ei vaksengruppe og ei gruppe i alderen 14-17 år.
I vaksengruppa har det til no berre vore menn, så det hadde vore kjekt om nokre damer òg tok turen.

I gruppa 14-17 år er det fleire som trener for å vere med på turneringer til forskjellige plasser, som f.eks. til Vestlandsmeisterskapet.

Treningstider:
● Måndag: 1700 – 1800 (ungdom og vaksne)
● Onsdag: 1800 – 1930 (ungdom og vaksne)
Det er framleis god plass på treningane. 8-10 stykk på kvar trening

Leiar i styret er Håkon R. Sæbø. Han treff du på e-post:hrsebo@icloud.com

Orientering

Orienteringsgruppa i Fitjar IL har fleire spanande tilbod for deg som likar å bruka kroppen ute i naturen.

Med kart (og kompass) kan du besøkje nye turmål eller delta i O-løp der det ikkje er berre kondisjonen som avgjer kven som kjem øvst på resultatlista.

Her må du bruke både hovudet og beina for å finne fram til dei ulike postane, og det er løyper og klassar for alle aldrar og nivå. O-gruppa representerer og Stolpejakta som har vore ein stor suksess i 2018.

Leiar i styret: Øyvind Skålevik
E-post:
Oskalevik@gmail.com

Treningssenter

Fitjar Treningssenter er lokalisert ved Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Hovedinngangen til senteret er 2.etg mot sportellet opp trappa.

Under finn de ei liste over de tilbodane me har ved senteret:

● Trening med frivekter, apparater og kondisjonsapparater
● 30min gratis treningsveiledning med Personlig Trener (priser og meir info ligg finn de på heimesida vår, www.fitjaril.no)
● 24/7 adgang til senteret med egen nøkkelbrikke/kort
● Personlig Trener (hjelp med alt fra trening og skader til kosthold)
● NB: aldergrense: 15/16 år. Ta kontakt om du er usikker på aldersgrensa eller rammer rundt dette.

Gruppetimer som tilbys ved senteret:

● Honnørguttene
● Utetrening/Step20 + styrke
● Bosu
● Basisball (forskjellige nivå, se plan)
● Zumba
● Yoga for alle

… her er det berre å hiva seg på!

NB: alle gruppetimer o.l inngår i vanlig medlemskap, det kostar altså ikkje noko ekstra.

For meir info eller kontakt, samt oversikt over gruppetimar: Facebook: Fitjar Treningssenter eller sjå fitjaril.no

For innmelding eller spørsmål kan de ta kontakt med daglig leiar, Vidar Aarskog enten i kontortider: 08.00 – 15.00 i 2.etg i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, eller ved: mail: Fitjar.idrettslag@gmail.com.

Velkommen til oss!

Kontakt

Dagleg leiar Vidar Aarskog:

Tlf: 45 83 20 48

E-post: fitjar.idrettslag@gmail.com

Besøk heimesida vår.

Andre bedrifter