Etter eit par veker med nydeleg vårver, såg mange for seg dugnaden i Ålforo som ”vårens vakraste eventyr”. Dessverre blei veret sist laurdag både surt og vått, men jobben blei gjort likevel. Geir Tore Søreide organiserte dugnaden, som gjekk ut på å fjerna vel 2,5 km telefonlinje i Ålforo. Telenor sine linjer til Strumøyo, Kuvikjo og Sætravikjo hadde stått i vel 50 år, men no var det ikkje bruk for dei lenger.

Om lag tjue friske og sterke menn frå idrettslaget blei frakta ut frå Fitjar i tre båtar. I regn og sønnavind gjekk Geir Tore Søreide og Tore Sigurd Fitjar føre med motorsag og kappa 50 stolpar. Dei andre følgde etter og slepte stolpar og kablar med seg ned til sjøen. Så blei dei henta opp i båten ”Ragnarok” og frakta til Meierikaien på Fitjar. Nokre blir skorne opp til gjerdestolp, men dei fleste endar på eit søppeldeponi.  Kl. 15 var heile jobben unnagjort.

Det blei kanskje ikkje ”vårens vakraste eventyr” for dugnadsgjengen. Men truleg for kasseraren i idrettslaget. Det gav i alle høve ei kjærkomen ekstrainntekt til Fitjar Idrettslag. Dei som ikkje slokna heilt etter dagens strabasar, møttest til middag og sosialt samvær på Fitjar Fjordhotell seinare på kvelden.