Leiar Gisle Levåg flankert av Kjersti Lundal og Torstein Grimen, som begge gjekk ut av styret i Fitjar Idrettslag. Foto: Kjetil Rydland.

På årsmøtet i Fitjar Idrettslag onsdag kveld tok Gisle Levåg eit nytt år som leiar for den største organisasjonen i bygda.

Leiaren er ein gammal travar i Fitjar Idrettslag; han har vore leiar i hovudlaget i fleire år allereie, og før det var han leiar i fotballgruppa. Gisle takka for tilliten, og går på ein ny sesong med uforminska glød:

– Fitjar Idrettslag står midt oppe i store prosjekt som eg alt har brukt mykje tid på, og eg har lyst å komma i mål med desse, sa den nyvalde leiaren då han takka for tilliten.

Store prosjekt på gang

Han siktar til utviding av treningssenteret, påbygging av garderobebygget ved kunstgrasbanen, skifte av dekke på den same banen og nytt flaumlys. Dette er prosjekt som krev stor dugnadsinnsats av Fitjar Idrettslag, sjølv om Fitjar kommune står som byggherre.

Gisle Levåg trivst som leiar i laget, og gler seg over at Fitjar Idrettslag nyt stor tillit i det politiske miljøet og elles i bygda.

Som vanleg når det er årsmøte i den klart største organisasjonen i Fitjar, var frammøtet svært dårleg. Berre 18 av dei knapt 800 medlemmene hadde funne vegen til klubbhuset ved grasbanen i går kveld.

Solid økonomi

Men dei som kom fekk sjå ei årsmelding som bar bod om god aktivitet på mange felt. Årsmøtet slo fast at årsmeldinga gav eit godt bilete av heilskapen i idretttslaget, som er prega av godt samhald og gode samarbeidsforthold. Av rekneskapen gjekk det fram at idrettslaget er ein veldriven organisasjon med god kontroll på økonomien.

Den gode økonomien skuldast ikkje minst drifta av Fitjar Treningssenter, som idrettslaget tok over i 2011. Dette blir drive på profesjonelt vis med solid overskot, og planlegg i desse dagar å utvida.

Rekneskapen for Fitjar Idrettslag, inkludert treningssenteret og dei andre undergruppene, viser eit årsresultat i 2018 på imponerande 557 645 kroner, og ein omsetnad på over 2,5 millionar. Tala frå fotballgruppa gjekk ikkje fram av rekneskapen, då dei har eige organisasjonsnummer.

Men det kom merknader frå salen om at dei ønskjer å få tala frå den største gruppa presentert på årsmøtet i Fitjar Idrettslag. Elles var det lite kritiske merknader, bortsett frå at det ikkje er system på innkrevjing av medlemspengar frå støttemedlemmer i laget.

Ingen heidersteikn

På årsmøtet blir det vanlegvis delt ut heidersteikn til medlemmer som har gjort seg fortent til ei ekstra påskjøning. I år hadde det ikkje kome inn nokon forslag, men me kan ikkje forstå at det skuldast mangel på gode kandidatar.

Etter den gode aktiviteten i laget å dømma, må det vera fleire å velja mellom, og me får tru dei blir trekte fram i lyset til neste år.

Styre med mykje erfaring

Etter valet ser det nye styret slik ut: Gisle Norvald Levåg (leiar), Tove Kristin Tverderøy (nestleiar), Torbjørn Korsvik (styremedlem), Geirmund Aga (styremedlem), Magne Siglen (varamedlem) og leiarane i dei ulike gruppene: Magne Skumsnes (fotball), Liljan V. Waage (handball), Øyvind Skålevik (orientering), Håkon Rydland Sæbø (badminton), Sonja Pedersen (friidrett) og Marita Louise Helland (turn).