Dette biletet frå Fitjar er frå før 1910 og er teke øvst i Sjøsbrekko. Vegen me ser her vart bygd i 1880-åra og var første biten av vegen til Leirvik (opna 1910). Grindar var vanlege på vegane den gongen. I alt skal det ha vore nærare 30 grindar på vegen til Leirvik.

Rekna frå kyrkja ser me Tollakshuset, gamle tinghuset og butikken til Marta i Svingen (seinare M. Vestbøstad). Til venstre for grinda ser me Tronko (butikken til J. Tveita – seinare Odd Larsen AS). Me ser også Dahle-buo og Reina-buo (seinare Fitjar Meieri) mot venstre biletkant.

Fleire bilete frå gamle dagar finn du her