Me presenterer i dag eit nytt, gammalt bilete frå Fitjar i gamle dagar. Me treng påfyll av bilete og oppmodar lesarane om å senda oss bilete som kan vera interessante for Fitjarposten til post@fitjarposten.no. Viss du har papirutgåver, kan du ta kontakt via mail eller telefon. Bileta treng ikkje vera "hauggamle". Tre staute karar med syklane sine på vegen mellom Vik og Tveita (Florane) ein gong tidleg på 1900-talet. Det er fint viss lesarane kan hjelpa oss med namn på personane.