Me presenterer i dag eit nytt, gammalt bilete frå Fitjar i gamle dagar. Me treng påfyll av bilete og oppmodar lesarane om å senda oss bilete som kan vera interessante for Fitjarposten til post@fitjarposten.no . Viss du har papirutgåver, kan du ta kontakt via mail eller telefon. Bileta treng ikkje vera "hauggamle". Dette biletet er henta frå Fitjargarden 1930. Me ser Fodno til venstre i bakgrunnen. Me kan også skimta Kongsbrunnen til høgre for buskane i bakgrunnen. Huset til høgre vart kalla Mangerstova. Det stod der Skrammavegen møter vegen til Fitjargarden. Mannen som budde i huset var frå Manger. Han åtte tidlegare klokkargardsjorda, men då klokkargarden vart bygd, flytta han hit. Han døydde i 1913 og kona (Mangers-Gurine) i 1930. Huset vart rive i 1964.