Biletet er frå 1910 og syner gravfølgjet i gravferda til Jakob Kullmann. Han var prest i Fitjar frå 1900 til 1905. Han døydde 4.august og vart gravlagd rett nord for kyrkja 9.august i strålande ver. Før prestegjerninga arbeidde han ved Seminariet (Lærarskulen) på Stord. Frå 1905 var han skuledirektør i Bjørgvin. Han følte sterk tilknyting til Fitjar og ynskte å få den siste kvilestaden sin her.