Biletet er frå 1919. Engelske krigsskip søkte etter miner i Selbjørnsfjorden og i Fitjar-skjergarden. Om kvelden la dei seg til på Fitjarvika. På Fitjar hadde dei også eit anna ærend. Dei engelske marinegastane skulle vera med å avduka eit minnesmerke på kyrkjegarden.

Den 11.desember 1917 vart ein skandinavisk konvoi eskortert av engelske marinefarty angrepen 25 sjømil sørvest for Marsteinen. Alle dei engelske skipa vart senka med unntak av eitt (Pellew) som berga seg unna i ei kraftig regnbyge. Mannskapet derifrå var med og gravla dei døde på kyrkjegarden 15.desember.

På minnesmerke som vart avduka i 1919 står skrive: ”In memory of those who were killed in action whilst defending Norwegian convoy on December 1917”.